Sognebunaden vart utarbeida av Anna Knudsen rundt 1920.
Utgangspunktet er frå draktskikken på 1800-talet. 
Bakgrunnsmaterialet er hovudsakeleg henta frå midtre og indre Sogn. Livet blir kalla «aoliv» og blir i dag sydd i mange forskjellige brokadar med svart fløyelskant. Stakken er rynka i livet og har ein bord nederst som viser landskapet i Sogn.  

Janne C. Kvamme Sætherbø

 

Eg er i skrivande stund 46 år. Gift med Roy og saman har me tre jenter, Trine, Kaja og Mia.

Me er og så kjempe heldige at me har seks barnebarn, Oliver, Ingar, Mons, Jakob, Ulrik og Alfred.

Eg bur på Solstrand i bygda Luster, som ligg i Luster kommune. I frå hausten 91 til våren 94, hadde eg tre fantastiske år ved Førde Yrkesskule, gr.kurs, VK1 og VK2 kjole og drakt. Der dagane besto mykje av å gjere noko av det kjekkaste eg veit, å skapa ting med hendene.

For 9 år sidan oppna Lustrabadet i Gaupne. Der eg var heldig å få vere med på oppstarten. Men på grunn av nedsatt hørsel, måtte eg for ein par år sidan redusere stillinga mi der. Da kom tankane om at kansje eg skulle satse på å bruke utdannelsen min, å at eg tok eit kurs i sying av sognebunad for nokre år tilbake staka ut kursen. Så 18 mai 2017 skipa eg Janne`S as. Det eg driv med pr. i dag er justering av gamle bunadar samt sy nye og sying av bunadskjorter. 

Følg meg gjerne på fjesboka ↓

 

Justering & Reparering

Eg justerar og reparerar, samt syr nye bunadar på timepris. 

Det er vanskeleg å gje ein pris på justering før eg har sett kva som må gjerast., men eg kan ta eit fort overslag å gje ein ca pris når eg har sett bunaden om ein ynskjer det.

Dersom det ikkje er nok stoff for å justere eller bunaden har skadar, finn ein den beste løysingen med å eventuelt skjøte inn stoff eller byte delar av bunaden.

For best resultat er det lurt om du har på det undertøyet du vil bruke med bunaden, når me tek mål.

For timebestilling send sms til 41455844 eller send inn kontaktskjema.

 

Stell & Oppbevaring

Stell av bunader

Ein bunad kan godt henge i eit vanleg klesskap, men han bør henge i ein bunadspose for vern. Ein slik bunadspose skal helst vere sydd av ubleikt og ubehandla lerret, å slike får ein kjøp hjå meg
Bunaden bør henge på ein godt polstra kleshengjar, slik at vekta blir jamt fordelt. Det beste er likevel å feste stroppar på innsida av livet, vrengje bunaden med livet ned i stakken, og hengje stroppane på kleshengjaren. På denne måten belastar du ikkje stoffet i livet.
Bunaden skal ikkje vaskast, verken stoff av ull eller silke toler vask særleg godt. Helst bør bunaden reinsast på eit kvalifisert reinseri. Dersom du får ein liten flekk på stakken, er det enklaste å dyppe ein rein klut i lunka vatn, og vaske flekken forsiktig bort.

Stell av bunadsskjorter
• Bomullsskjorter med og utan broderi toler maskinvask. Både bomull- og linskjorter kan vaskast på opptil 60 grader.
• Bunadsskjortene bør alltid vaskast rett etter bruk slik at eventuelle flekkar ikkje tørkar for mykje inn. 
• Bunadsskjorter bør ikkje strykast før ein legg dei vekk for oppbevaring. Strokne skjorter har lett for å gulne. 
• Skjorter som har byrja å gulne, bør ein fyrst vaske for å sjå om gulninga går bort. Dersom dette ikkje hjelp, kan ein hengje dei ut i sollys eller leggje dei på snøen i sola for bleiking. Dei må ikkje bleikjast lenge eller ofte, fordi sollyset svekkjer fibrane.

Det er viktig å stryke skjorta 5-6 dagar før ein skal bruke den. Då får fibrane i skjorta tid til å "sette" seg før ein tek den på seg.

Stell av sylv
Pussing av bunadssylv bør gjerast med pusseklut eller pussehanske som ein kan kjøpe i gullsmedforretningar. Flytande sylvreins av ulike typar er ikkje å anbefale. Desse produkta kan vere så sterkt reinsande at gammalt bunadssylv, oksidert eller forgylt sylv kan bli skadd. Ein enkel måte å reinse sylvet på er å vaske det i lunka zalovatn tilsett noko salmiakk. Det er også lurt å tørke over sølvet like etter bruk med ein klut fukta med zalovatn. Ein tek då bort feitthaldige fingermerke før dei festar seg.

Sylv held seg lengst fint i tett plastpose. Eit unntak frå denne regelen er sylvbelte som har stølane festa til lêr. Lêr inneheld garvesyre, og ved å la beltet liggje i tett plastpose kan syra misfarge sylvet. Sylv som skal oppbevarast i bankboks, bør liggje i plastpose. Grunnen er at metallet i bankboksane også kan misfarge sylvet. Har bunadssylvet fått flekker som er vanskelege å få bort, bør ein kontakte sylvsmed for råd.

Kjelde: Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt

 

Kontakt

Takk! Melding er sendt.